Vi skulle vere heime vi i ferien. Det var bestemt.
Ufaglærte vi skjønar du når det gjaldt ferie.
Sat heime, åt frukost på verandaen, tok dagleg ein tur og besøkte havet
avslutta med ball til middag på restaurant Bryggjen i Bud
torsdagane ja.
Ein høg blå himmel tok turen innom oss,
havet alltid der
eit godt syn for oss A4 menneske
sjå kor vidt tankane kan segle
Det var på ein slik tur eg trefte dei…
dei tyske bobilane
irriterande
blanda seg inn mellom meg og havet.
Nok var nok
Neste dag var eg på veg sørover til Austlandet
Mjøsa dug
omtrent likelangt til mykje
Lei av campingplassar fann vi denne.
Utstyrt med det meste
også breiband...
Likte meg så godt at eg kom tilbake haustferien også...
Gler meg til sommaren!
Ein perle sett med våre auge
Idyllisk, heilt for seg sjølv.
I ro her slepp eg gamle tankar fri...