Ser ikkje så lyst ut no nei, her eg sit.
Tenkjer på Irak eg.
Lyt opne verandadøra lell...
Treng rom til store ord.

Heim frå funderingar og ein tur i same slengen,
gav meg villmarka i vold opp til Frænatun

og vidare inn i meg sjølv...

Han Blixt bortpå skjermen vert so tydeleg.
Orda vert til menneskje.
Og menneskja veksla om til tid.
Tid - vi menneskje .....

Tok med meg tankane og smatt uti verandakroken.
Seinkveld og tidleg mars.
Jau vi treng nok tid, tid til å fortel...
tid til å forme ord
tid til å føle ord
tid til å leve ilag

Og ikkje minst tid til å erkjenne at andre,
andre no måler tida vår ilag.

Menneskje, set livet høgt!