Slik når det dreg seg mot kamptid og Molde spelar borte, kjem rastlausa. Stua vert for lita.
Enno nokre timar å vente.
Tidleg mai.
Kanskje skulle eg sesongopne Haukåsdalen medan eg ventar...

     
  Og der er du, ja...
Kjende deg mest ikkje att med det samme.
Takk for sist!
Det var vel i fjorsommar.
Men sanneleg har du vokse...
     
  Her har eg kontoret mitt.
Her vert eg sitjande og undrast.
Med ei notisblokk i lomma frå han Furesund.


     
  Undrast over kor mykje det igrunnen er å undre seg over.
Her på kontoret på ein vaksen stubbe.
Tidleg mai og lyse kveldar.
     
 


Du Verden.....
kor mykje stein freningane har samla rundt seg!

Klatt i klatt...
Og midt i auget - www.skoften.no

Tida renn.
Må vel vere langt ute i andre omgang.
Her hastar det med å komme heim til TV'en...
Er det noko sprut i desse Adidas-skorne tru..?


Til Startsiden - illustrert Kvardag