Slike 240 Volvobilar, dei gjekk vel ut tidleg på nittitalet dei vel....Men dei er no grusomt gode for slike som oss med skrøpelige ryggar då. Gode å sitje i meinar eg. Slepp å "krøke" deg saman for å komme inn i bilen, og slepp å føle at du set deg ned på vegen.
So kona og eg, vi har leita etter slike vi.

 
 
Og veit du....På Internett kom vi over ein slik ein vi ønskte oss.
Ein 87 modell 240 GL som berre hadde gått 100 000 km. Fin å sjå til og godt velhaldt!
-Hmmm. Hadde han ikkje gått meir altså...?
-Jaja , Internett du Internett. Leitar du etter noko, so finn du det her....

Men du, no skal du høyre.....
Tok no kontakt eg.
Mail heiter det vel.
Det viste seg at bilen, han budde i Stavanger han.
Hos ein svært hyggeleg familie.
Der hadde han kvilt seg i garasjen nokre år og hadde vel lyst ut å farte
etter vegane
igjen kan du skjønne. Ut på livet.....

Så no sit eg her igjen då...
Ute i verandakroken heime med kaffikoppen, etter å ha reist Norge rundt.(Sør-Norge)
Åndalsnes-Oslo-Stavanger-Bergen-Ålesund-Molde.
Og i garasjen..han nye,
han var no eitrande god på langtur forresten....
Skjønner, eg kjøpte bilen eg.
Tok han med meg til Bergen og viste han litt rundt eg - slik i ettermiddagssola.

Tirsdag 15.april 2003. Historisk og sanneleg .....
Eg berre nemner det: Jomfruturen til Norges nyaste passasjerskip - Midnatsol....
Og på den turen skulle vi vere med - Volvoen og eg....

Men no du.....

 
 
   
Volvoturen - SørNorge rundt - ein Dokumentasjon
         
       
   
Breiavatnet i Stavanger. Tidleg morgon enno. Omlag halvåtte...
 
       
       
   
Derja..Gamle Atlantic..Orsak heiter vel SAS hotellet nu...
Men her skal eg altså ha meg frukost.
Kunne velje om eg ville spise frukost på toget eller her på hotellet.
Inkludert i togbilletten fekk eg høyre.
NSB ...,
ja dei kjenner eg ikkje att. Mykje god sørvis og greier.

 
       
   
Hans har fått sjå
 
       
 
kva han har kjøpt.. Synst han ser blid ut eg. Svært blid og....
 
     
     
 

Nordover etter E39 mot Bergen, utsikt mot Kårstø.
Slike svære Oljegreier det.
Her stoppar vi.
Kaffi og eit bilde av Volvoen,
jau, han tek seg framleis godt ut synst eg.


LES MEIR

 

Til Startsiden