|
Hageliv


Eg er hagemenneske eg.
Hjelper det grøne livet fram på min måte
gjer ikkje forskjell på nokon…
Her lyt dei stelle seg sjølv.
Glad i kvar ein skapning eg ser frå verandaen
gjev eg alle same fridom og rettar.
Mosen kjem att ser eg, og glad er eg.
Den var eg spent på du.
Ja, om han synst eg dugde som vert
om han ville ta eit besøk igjen.
Og sjå…
Jau, frå verandaen ser dette rett bra ut.
Reint artig å sjå kor alt trivst
kvar skapning sitt liv
Du, seint i går kveld stakk eit piggsvin innom.
Ikkje mykje pratsom den gjesten nei.
Lurte no på kven som skulle ta ordet først eg…
Vart tilslutt eg det då.
- Godkveld, helste eg. Men blygare kar har eg sjeldan sett.
Han såg ikkje opp eingong.
Kikka berre ned i bakken og vart ståande som fastfryst
Lenge…
Rart kor nokre har det
Ja, sit no ute i verandakroken igjen eg,skjønnar du.
Kaffi og lefse…
Nokre meter over det grøne livet.
Funderer på om eg kanskje skulle invitere nokre fagfolk,
slike med bilete av hagen sin i aviser og blad.
Sjå at spede spirer og har liv…
Veit at slike menneske dei lever først når dei ligg på kne
med ein liten spade og rotar nedi det grøne.
Nei, forresten…
Dei driv og sorterar liv dei

Tilbake
|